Kontaktlinser

Om kontaktlinser

I dag kan dei fleste synsfeil korrigerast med kontaktlinser. Ta kontakt, så kan du få prøve!

Det finst linser for langsynte, nærsynte og for dei med skeive hornhinner. Det finst også godt utvalg av progressive linser. Bruk av linser kan gje endringar på auga som oftast skjer over tid, og er svært vanskelege å oppdage sjølv. Regelmessig kontroll er derfor nødvendig sjølv om du verken har syns- eller komfortproblem.

Ved ei kontaktlinseundersøking kontrollerer vi om

  • du ser godt eller om du treng justering på styrken
  • linsene sit fint på auga dine
  • auga dine ser friske ut
  • du har rett type linse, eller burde byte til andre alternativ

Vi held oss oppdaterte på nye linser på markedet, og tilbyr prøvelinser.

På Nordfjord Optikk kan du handle linser på ulike måtar:

Butikk: Du kan kjøpe linsene hos oss i butikken. Vi har også eit lite lager av daglinser ved akutt behov.

Internett: Via vår eigen nettbutikk som du finner her. Tek du årleg synsundersøking/linsekontroll hos oss får du 5% rabatt.

App: Via appen Optikeren min. Her kan du knytte deg til Nordfjord optikk og også legge inn påminning om linsebyte, tid for ny kontroll og påminning om rebestilling av linser før du går tom.

Abonnement: Her får du linser rett i posten, betalinga er med autogiro. Både linser og kontrollar er innkludert i det du betaler. Les mer om vårt abonnement her.