Ditt syn

Barn og syn

Ved mistanke om at barnet ditt har problem med synet anbefaler vi ei synsundersøking. Forskning antyder at så mange som 1 av 5 barn ser for dårleg. Vi tek imot alle barn, og kan bruke diagnostiske dråpar på barn over 5 år. Vi kan hjelpe med briller og/eller linser. Dersom det er behov kan vi henvise vidare til augelege.

Det er mange symptom som kan vere relatert til synet. Legg merke til om barnet:

  • Myser mykje
  • Klagar over uklart syn
  • Let att eine auget
  • Legg hovudet på skakke.
  • Vert sliten ved nærarbeid
  • Er lyssky eller veldig mørkredd
  • Klagar over hovudverk
  • Er klumsete
  • Ikkje ser objekt på avstand, sjølv når dei vert peika ut
  • Klagar over doble/hoppande bokstavar
  • Har vanskeleg for å sitte stille/konsentrere seg
  • Unngår lesing og anna nærarbeid

Barn er i vekst, og nokre synsfeil er derfor midlertidige. Andre vil trenge briller/linser fast.

Briller til barn

Innfatningar skal tåle leik, ikkje skli ned på nasa, vere gode på og sjå fine ut. Vi brukar alltid plastglas til barn både på grunn av tyngde og tryggleik. Vi har eit stort og godt utval av innfatningar til barn, og vi kan levere glas i ulike prisklassar.

Kva dekker NAV?

NAV dekker briller som er til behandling og/eller forebygging av amblyopi hos barn under 10 år. Det må altså stadfestast av optikar eller augelege at brilla er anbefalt for å gje ei normal utvikling av synsskarphet. Det er ikkje nok at barnet treng briller for å sjå godt.

Dersom det er bekrefta at brillene skal forebygge amblyopi får ein støtte til kjøp av briller. Kor mykje støtte ein får avheng av styrken på brilleglassa. NAV har inndelt støtta i tre klassar:

Kategori

Styrkeområde

Stønad

Sats 1

Styrke ≤ 3,75 Dioptrier (D)

1200 kr

Sats 2

Styrke ≥ 4 - ≤ 6 D

2400 kr

Individuelt beløp

Styrke ≥ 6,25 D, eller sylinderstyrke lik eller over -4,0 DC, eller fleirstyrkeglas

Individuelt beløp

Dersom det viser seg at barnet k

Dersom det viser seg at barnet kjem inn under ein kategori som dekkast av NAV vil vi forklare deg søknadsprosessen. Vi har briller til prisen du får i stønad fra NAV. Om ein ønskjer ei dyrare innfatning eller oppgradering av glas er dette sjølvsagt muleg. Vi snakkar med deg om dette.