Synsundersøking

Kvifor anbefaler vi synsundersøking?

Synet er ein av våre viktigaste sansar. Ein treng å sjå godt og ha komfortabelt syn i ein krevande kvardag. Ved å kontrollere auga jevnleg kan vi oppdage endringar og behov for vidare oppfølging.

På ei synsundersøking ser vi om du treng korreksjon (briller/linser). Vi finn kva styrke du treng, og kva du skal bruke korreksjonen til (lesing/data/køyring). I tillegg ser vi etter om augehelsa di er bra. Vi måler trykket på augene og fotograferer innsida av auget ditt (OPTOS). Dette kan avdekke augesjukdom som blant anna cataract (grå stær), glaucom (grøn stær) og AMD (forkalkning) eller systemiske sjukdomar som for eksempel høgt blodtrykk eller diabetes. Om behov henviser vi til augelege.

Kor ofte bør ein ha synsundersøking?

Vi anbefaler å sjekke synet kvart andre år, men i tilfeller der ein ser endringar enten i augehelsa eller på styrke vil vi anbefale tettare oppfølging. Som kunde hos oss kan du få påminning på når du bør kome tilbake.

Bestill time her.