Barn og syn

Treng barnet ditt ei synsundersøking?

Ved mistanke om at barnet ditt har problem med synet anbefaler vi ei synsundersøking. Forskning antyder at så mange som 1 av 5 barn ser for dårleg. Vi tek imot alle barn, og kan hjelpe med briller og/eller linser. Dersom det er behov kan vi henvise vidare til augelege.

Det er mange symptom som kan vere relatert til synet. Kanskje har barnet vanskar med lesing. Det kan vere at barnet hoppar over og/eller byter om bokstavar, har vanskar med å huske eller forstå det som vert lese eller at ein merkar at barnet ikkje er uthaldande med nærarbeid. Nokre barn kan strumple mykje og ha dårleg koordinasjon, andre klagar på hovudverk. Kanskje knip barnet att eine auget når det konsentrerer seg, eller legg hovudet på skakke.

Barn er i vekst, og nokre synsfeil er derfor midlertidige. Andre vil trenge briller/linser fast.

Briller til barn

Innfatningar skal tåle leik, ikkje skli ned på nasa, vere gode på og sjå fine ut. Vi brukar alltid plastglas til barn både på grunn av tyngde og sikkerheit. Vi har eit stort og godt utval av innfatningar til barn. 

Dekking av utgifter til briller og kontaktlinser

I nokre tilfeller dekker NAV delar av kostnadane til briller og/eller kontaktlinser. Dette gjeld barn som har minst ein av desse synsfeila:

  • anisometropi (ulik styrke mellom auga) på 2,5 dioptri eller meir
  • astigmatisme (skjeiv hornhinne) på 2,5 dioptri eller meir
  • strabisme (skjeling) - som eit ledd i behandling

For å få det godkjent hos NAV må barna til ein augelege først. Vi henviser dersom vi ser at barnet fell under ein av desse kategoriane.

NAV dekker inntil 470,- av brilleinnfatninga og alle kostnadar til brilleglass og tilpassing. Når brilla hentast må ein betale eigenandelen på innfatninga, resten sender vi på rekninga til NAV.