Briller

På Nordfjord Optikk tilbyr vi motebriller, klassiske innfatningar og prisgunstige modellar. Vi har også innfatningar som inngår i rimlege pakkeløysingar (Volum).

To gongar i året reiser vi på brillemesse der vi plukkar ut modellar frå dei ulike leverandørane, og i tillegg får vi besøk av leverandørar i butikk. 

Vi hjelper deg gjerne med å finne DI brille. Vi ser på ansiktsforma di og fargane dine, og saman prøver vi ut kva brille som passar deg best. Om du treng kan du låne med deg innfatningar heim og sjå på dei i ro og mak før du bestem deg.

 

Brilleglas kjem også i mange ulike kvalitetar og prisar. Med pakkeløysingane våre kan du få prisgunstige alternativ, både lese-, avstand-, data- og progressive briller. Vi leverer kvalitetsglas frå Rodenstock, Essilor og Shamir. Vi kan tilpasse både enkle og skreddersydde løysingar, og vil vise deg kva dei ulike glasvalga vil bety for det ferdige produktet ditt. Vi tek hensyn til ditt behov, din synskvalitet, tyngde på glasa etc.

 

Mange ønskjer å ha meir enn ei brille i si garderobe. Med vårt fordelsprogram; PRIVILEGIUM, er det gunstig å skifte ofte eller kjøpe fleire briller samtidig. Synskvardagen i dag gjer også at det ofte er behov for fleire løysingar til ulike oppgåver (t.d. lesebriller, databriller eller solbriller med styrke)

Med Privilegium fordelsprogram får du gode rabattar hos oss!

Briller